Etikkrådet tilrår å utelukke Oil & Natural Gas Corp Ltd (ONGC) frå Statens pensjonsfond utland (SPU) på grunn av ein uakseptabel risiko for at selskapet medverkar til alvorlege krenkingar av individ sine rettar i krig og konfliktsituasjonar.

ONGC er eit integrert olje- og gass selskap som mellom anna driv oljeutvinning i Sør-Sudan. I ei årrekkje har det vore valdeleg konflikt i landet, og sivilbefolkninga er utsett for svært grove overgrep. Kontroll over oljeressursane har vore ein viktig drivar i konflikten. I denne konteksten deltek ONGC i to fellesføretak, der det sør-sudanske statlege oljeselskapet Nilepet er ein av forretningspartnarane.

Etikkrådet finn i si vurdering at ONGC ved å vere med i fellesføretaka aksepterer risikoen for å medverke til grove overgrep som vert gjort for å mogeleggjere oljeverksemda. Rådet legg vidare vekt på at aktørar som er direkte eller indirekte ansvarlege for alvorlege overgrep, yt tenester til fellesføretaka og står for tryggleiken ved oljefelta fellesføretaka driv.

Etikkrådet gav si tilråding 8. januar 2021. Norges Bank offentleggjorde si avgjerd om å utelukke selskapet 2. september 2021.

Du kan lese tilrådinga frå Etikkrådet her.