Etikkrådet tilrår å utelukke Supermax Corp Bhd frå Statens pensjonsfond utland på grunn av ein uakseptabel risiko for at selskapet medverkar til brot på menneskerettane. Tilrådinga gjeld bu- og arbeidstilhøve for migrantarbeidarar ved selskapet sine produksjonsfasilitetar i Malaysia.

Supermax er ein malaysisk gummihanskeprodusent med fleire fabrikkar i Malaysia. Sidan 2019 har det kome nyheitssaker om svært dårlege bu- og arbeidstilhøve for selskapet sine tilsette. Skuldingane gjeld mellom anna betaling av høge rekrutteringsavgifter, svært lange arbeidsdagar, eit omfattande system av straff og bøter og avgrensing av arbeidarane si rørslefridom.

Selskapet har nekta for normbrota, og hevda at bu- og arbeidstilhøva er gode, og at vitnemål frå arbeidarar er uriktige eller overdrivne. Etter omfattande kritikk har selskapet likevel varsla at det vil sette i verk ei rekkje tiltak for å forbetre bu- og arbeidstilhøva, og sikre at arbeidarane ikkje betaler rekrutteringsavgifter.

Rådet ser positivt på tiltaka selskapet har annonsert, men rådet har ikkje fått tilstrekkeleg informasjon til å vurdere implementeringa av tiltaka og om dei er eigna til å redusere faren for normbrot på lengre sikt. Etikkrådet konkluderer på denne bakgrunn med at risikoen for framtidige normbrot er uakseptabel.

Etikkrådet gav si tilråding om utelukking 24. februar 2022. Norges Bank offentleggjorde si avgjerd om å sette selskapet til observasjon 15. juni 2022.

Les Etikkrådet si tilrådning her.