Etikkrådet tilrådde i juni 2020 å sette Kirin Holdings Co Ltd (Kirin) til observasjon under kriteriet om alvorlege krenkingar av individ sine rettar i krig og konfliktsituasjonar i retningslinjene for observasjon og utelukking frå Statens pensjonsfond utland.

Kirin er eit japansk holdingselskap med fleire dotterselskap som mellom anna driv med drikkevareproduksjon. I Myanmar er selskapet med i to fellesføretak med det militær-eigde konglomeratet Myanmar Economic Holdings Limited (MEHL). Militæret i Myanmar har gjort ekstreme overgrep mot sivilbefolkninga i landet, og mange av offera høyrer til minoriteten rohingyaane. Etikkrådet meiner at selskap som opererer i konfliktområde, må vere særleg aktsame, og at forretningssamarbeid med MEHL inneber ein høg risiko for å medverke til alvorlege normbrot. Det var etter rådet sitt syn også er ein betydeleg risiko for nye overgrep frå militæret si side.

Før Etikkrådet gav si tilråding opplyste selskapet at det vurderte å gjere endringar i verksemda si i Myanmar, men at dette er prosessar som kan ta tid. På grunn av tvilen om utviklinga framover i tid, tilrådde Etikkrådet at selskapet vart sett til observasjon.

Les tilrådinga frå Etikkrådet her.

I november 2020 bad Noregs Bank om meir informasjon frå Etikkrådet, mellom anna om selskapet sin medverknad til normbrota.

Les svaret frå Etikkrådet her.

Like etter militærkuppet i Myanmar i februar 2021 annonserte Kirin at selskapet vil trekke seg ut av samarbeidet med MEHL. Etikkrådet vil halde selskapet under observasjon til partnarskapet faktisk er avslutta. Noregs Bank har også bedt Etikkrådet observere korleis selskapet elles gjennomfører aktsemdsvurderingar og tiltak som kan redusere risikoen for medverknad til normbrot.

Etikkrådet gav si tilråding 23. juni 2020. Norges Bank offentleggjorde si avgjerd om å sette selskapet til observasjon 3. mars 2021.