Etikkrådet tilrådde 14. januar 2020 å utelukke Hangzhou Hikvision Digital Technology Co Ltd frå Statens pensjonsfond utland på grunn av ein uakseptabel risiko for at selskapet medverkar til grove brot på menneskerettane. Hikvision er eit globalt teknologiselskap frå Kina som leverer produkt og tenester innan overvakingsteknologi. Tilrådinga gjeld Hikvision si rolle i den omfattande overvakinga av befolkninga i Xinjiang i Kina.

Ellevte september 2020 mottok Etikkrådet brev frå Norges Bank om at saka ikkje vil verte handsama fordi SPU ikkje lenger er investert i selskapet. Rådet avgjorde difor å trekkje tilrådinga 15. september 2020.

Les tilrådinga til Etikkrådet her.