Etikkrådet tilrår å oppheve utelukkinga av selskapet Atal SA/Poland (Atal) frå Statens pensjonsfond utland (SPU).

Atal er eit polsk firma som driv med eigedomsutvikling. 25. august 2017 tilrådde Etikkrådet å utelukke selskapet frå SPU på grunn av ein uakseptabel risiko for at selskapet medverka til grove menneskerettsbrot, inkludert tvangsarbeid. Bakgrunnen for tilrådinga var at selskapet brukte ein underleverandør som nytta nordkoreanske arbeidar på Atal sine byggeplassar i Polen.

EU avgjorde i 2018 å implementere ein resolusjon frå FNs tryggingsråd om at alle arbeidarar frå Nord-Korea skulle vere returnert til heimlandet. I desember 2019 rapporterte Polen til tryggingsrådet at det ikkje lenger er nord-koreanske arbeidarar i landet. Etikkrådet meiner derfor at  grunnlaget for tilrådinga frå 2017 ikkje lenger er til stade.

Etikkrådet gav si tilråding 25. november 2020. Noregs Bank offentleggjorde si avgjerd om å oppheve utelukkinga av selskapet 3. mars 2021.

Les tilrådinga frå Etikkrådet om oppheving her.