Etikkrådet tilrår å utelukke Cognyte Software Ltd (Cognyte) frå Statens pensjonsfond utland, på grunn av ein uakseptabel risiko for at selskapet medverkar til grove menneskerettsbrot.  Cognyte er eit programvareselskap som leverer produkt og tenester innan overvaking. Tilrådinga gjeld menneskerettsbrot som kan vere mogeleggjort av selskapet sine produkt og tenester. Fleire av statane som skal vere blant selskapet sine kundar, er skulda for svært grove menneskerettsbrot inkludert bortføring, tortur og andre former for mishandling retta mot sårbare grupper inkludert seksuelle minoritetar.

Rådet meiner at overvaking av politiske motstandardar og minoritetar er ein pårekneleg risiko for selskapet ut frå dei produkta og tenestene det tilbyr. Ut frå informasjonen Cognyte har delt, er det ikkje mogeleg for Etikkrådet å slå fast at selskapet har sett i verk gode tiltak for å hindre å verte involvert i nye normbrot i framtida.

Etikkrådet gav si tilråding om utelukking 17. juni 2022. Norges Bank offentleggjorde si avgjerd om å utelukke selskapet 15. desember 2022.

Se Etikkrådets tilrådning her.