Etikkrådet tilrår å sette Adani Ports & Special Economic Zone Ltd (APSEZ) til observasjon på grunn av ein uakseptabel risiko for at selskapet medverkar til alvorlege krenkingar av individ sine rettar i krig eller konfliktsituasjonar. Tilrådinga gjeld APSEZ sitt forretningssamarbeid med militæret i Myanmar, som i februar 2021 gjennomførte statskupp. Etter kuppet har dei væpna konfliktane i landet intensivert seg, og over tusen personar er drepne. Overgrepa mot sivilbefolkninga er pågåande, og det er stor fare for nye, svært grove overgrep frå militæret si side.
I 2019 signerte eit av Adani sine dotterselskap ein build operate transfer/festeavtale med det militæreigde konglomeratet Myanmar Economic Corporation (MEC) om utviklinga av Ahlon International Port Terminal i Yangon. Etikkrådet meiner at selskap som opererer i konfliktområde, må vere særleg aktsame, og legg vekt på FNs granskingsgruppe si fråsegn om at forretningssamarbeid med MEC utgjer ein høg risiko for å medverke til brot på menneskerettane og internasjonal humanitærrett. Etter rådet sitt syn kan APSEZ sitt samarbeid med MEC bidra til å styrke militæret sin økonomiske og logistiske kapasitet.
I oktober 2021 annonserte APSEZ at selskapet vil trekke seg ut av verksemda i Myanmar. I lys av situasjonen i landet er det betydeleg usikkerheit om når eit slikt uttrekk vil la seg gjennomføre. På grunn av tvilen om utviklinga framover i tid tilrår rådet at selskapet vert sett til observasjon.
Etikkrådet gav si tilråding 15. november 2021. Norges Bank offentleggjorde si avgjerd om å sette selskapet til observasjon 7. mars 2022.