Tilråding om å ekskludere G4S PLC frå Statens pensjonsfond utland
Etikkrådet tilrådde 8. april 2019 å ekskludere G4S PLC (G4S) frå Statens pensjonsfond utland (SPU) på grunn av ein uakseptabel risiko for at selskapet medverkar til systematiske brot på menneskerettane.
G4S er eit britisk tryggleiksselskap med verksemd i over 90 land. Rådet har vurdert selskapet si verksemd i Qatar og Dei sameinte arabiske emirata (Emirata), der mange tilsette i selskapet er migrantarbeidarar. Rådet byggjer si vurdering på ILO sine standardarar for arbeidstakarrettar.
Rådet sine undersøkingar viser at arbeidarane har måtte betale rekrutteringsavgifter for å få arbeid i selskapet, og at mange har teke opp lån i heimlandet for å kunne betale. Når arbeidarane kjem til Gulfen, må dei bruke mykje av løna si for å nedbetale gjelda, og dei har derfor lita mogelegheit til å forlate arbeidet. Mange fekk også langt lågare lønn enn det som var avtalt, og i Emirata inndrog selskapet arbeidarane sine pass. Etikkrådet sine undersøkingar avdekka også lange arbeidsdagar, manglande overtidsbetaling og tilfelle av trakassering.